Rehabiliteringssenteret AiR er landets leiande senter for arbeidsretta rehabilitering. Me driv 2 klinikkar (ved senteret i Rauland og poliklinikken i Oslo) med tilbod innan arbeidsretta rehabilitering og rehabilitering av CFS/ME. Desse tilboda er oppdrag frå Helse Sør-Øst RHF, og senteret er dermed ein del av spesialisthelsetenesta.
I tillegg er Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering lagt til oss. Dette er ei praksisnær kompetanseteneste som driv forsking, fagutvikling, nettverk og formidling til alle innan fagfeltet arbeid og helse.