Har lærlingplass!

Aasmundsens Bakeri (Flatdal)

Eit lokalt bakeri for heile Telemark

Aasmundsens Bakeri vart etablerte av Aasmund Aasmundsen i 1924, og held til i den flotte bygda Flatdal. Bakeriet vart drive av familien Aasmundsen heilt fram til 2002.

Tidleg kvar morgon blir det køyrd ferske varer ut til dagligvarekjeder, skuler, serveringsstader og kantiner i heile Notodden, Seljord, Bø og resten av Telemark. Bestseljarane Aasmundsen Formkneipp skåra og Sjøormbrød skåra, er dominerande innslag i butikkhyllane over heile fylket. Bakeriet har eige konditori, kor marsipan- og napoleonskaker, samt andre spesialitetar handlagas på bestilling. I våre bakeri kan ein sitja både ute og inne, og nyta godt av nydelege påsmurte varer, kaker og dessutan noko søtt og godt til vår varierte kaffimeny.